-
I deres første NM-finale møtte Øksil Bergen-laget TIF Viking. Sistnevnte ble til slutt for sterke - og tok med seg kongepokalen hjem.
-
Bedriftene i Nordland er blant dei mest optimistiske bedriftene i landet, ifølge ei ny medlemsundersøking utført av NHO.
Det opplyser dei i ei pressemelding. Undersøkinga blir gjort kvar månad blant dei totalt 34.000 medlemsbedriftene i landet.
I Nordland ser dei fleste bedriftene lyst på dei neste seks månadane, sjølv om det er utfordrande i enkeltbransjar, ifølge NHO.
– Det er flott å sjå at bedriftene ser lysare på tida framover enn dei gjorde i desember, og at så mange trur at 2025 kjem til å bli betre enn 2024. Det lovar godt for det nye året og tyder på at det går noko betre i næringslivet her nord, seier regiondirektør i NHO Nordland, Hans Christian Hansson.
85 prosent av bedriftene opplyser at marknadssituasjonen er god eller tilfredsstillande. Vidare trur nesten 40 prosent at 2025 blir betre enn 2024.
– Samtidig er det framleis utfordringar å ta tak i for næringslivet, seier han.
Han viser til at byggenæringa har det vanskeleg.
– Her er det viktig at politikken bidrar til å få fart på blant anna bustadbygginga i landet. Vidare er det store utfordringar innanfor samferdsel i fylket, særleg på Nordlandsbanen og på hurtigbåt der vi ser eit svekka tilbod og for dårleg regularitet.
-
Det vil bli kolonnekjøring på Europavei 10 over Bjørnfjell i Narvik utover lørdag ettermiddag.
Det melder Statens vegvesen.
Det er foreløpig ventet at kolonnekjøringen vil vedvare til klokken 17.00 lørdag.
-
I Nord-Noreg har det vore varsla eit oransje farevarsel for vinkast for slutten av helga.
Dette er no nedgradert, opplyser Meteorologisk institutt.
Farevarselet er erstatte av eit gult farevarsel for polare lågtrykk.
Det er framleis venta oransje farevarsel, altså betydeleg fare, for snøskred og flaum i større delar av Nord-Noreg. I delar av Trøndelag og på Helgeland er det venta flaumfare.
-
Beiarmat, som produserer ost og kjøt av geit og kje frå eigne lokale garder, har no kome seg gjennom prosessen med å få Spesialitetsmerket.
Det har dei oppnådd med sine to ostar Geitsæter og Beiarværing. I går blei dei krona med heider og ære for å ha fullført arbeidet, opplyser Nordland fylkeskommune.
Merkeordninga blir utdelt av Norsk Mat og skal vise veg til det beste av lokalmat- og drikke i Noreg.
Ein uavhengig jury med høg matfagleg kompetanse avgjer kva produkt som kvalifiserer til ordninga.
-
Eirin Maria Kvandal tok seg inn på verdenscuppodiet for femte gang i vinter da hun ble nummer tre i storbakkerennet i Japan.
Hun ble kun slått av den suverene canadieren Alexandria Loutitt og Lisa Eder fra Østerrike.
Loutitt fikk en seiersmargin på 12,7 poeng. Det var ytterligere 0,6 poeng ned til Kvandal.
Også etter førsteomgangen lå Kvandal som nummer tre. Da gjorde hun 125,5 meter, mens hun i finalen la på ytterligere 3,5 meter.
Det er femte gang denne sesongen at Kvandal tok en pallplass i verdenscupen.
(NTB)
-
I Stamsund i Vestvågøy i Lofoten kan personbilar passere anleggsområdet på fylkesveg 817 fram til måndag 20. januar klokka 07:00.
Mjuke trafikantar må framleis bruke stien over Halsan eller via vestsida av Lerøy fabrikkar og til Buøyvegen.
Det pågåande arbeidet på staden er som følge av bygging av fortau på 1,1 kilometer lang strekke mellom Steinekrysset og Hartvågen, opplyser fylkeskommunen.
Det skal også bli sett opp nye gatelys, samt bygge nytt og reparere eksisterande overvatnsystem. Arbeidet vil pågå fram til sommaren.
– Vi har forståing for ulempene med stengt veg, så vi er glade for moglegheita til å redusere litt på desse. No blir det ope på same vis som førre helg. Det er trange forhold på staden, så den midlertidige passasjen gjeld framleis berre for personbilar.
Det seier byggeleiar Ernst Nøkkevangen i Nordland fylkeskommune i ei pressemelding.
-
Politiet har arrestert ein person dei mistenker at har køyrt i ruspåverka tilstand i Bø.
Personen er framstilt for bevissikring og har mista lappen.
– God vitneopplysningar førte til at politiet kunne ta hand om personen, skriv operasjonsleiar i politiet, Remi Johansen.