-
– Klokken 19.46 fikk politiet melding om at en ungdom var blitt truet til å gi fra seg penger i Sandnes sentrum. Gjerningspersonene skal ha fremvist kniv.
Det melder politiets operasjonsleder John Laurits Ask, som kan meddele at to personer nå er pågrepet.
– Politiet sendte flere ressurser til stedet og pågrep etter kort tid to menn i slutten av tenårene. Patruljene på stedet har gjennomført avhør av vitner og fornærmede. De to pågrepne er kjørt til arrest i Stavanger og sak er opprettet.
-
Politiets bombegruppe er på vei til en ferje i Tysvær i Rogaland, etter at det ble funnet en mistenkelig gjenstand om bord.
Ferja var tom for biler og passasjerer, og ligger ved kai.
Mannskapet evakuerte etter at de fant den mistenkelige gjenstanden, melder Sør-Vest politidistrikt.
-
Tidlegare i dag klokka 14.17 fekk politiet melding om trafikkuhell på Fognavegen på Fogn.
Ein el-syklist og ein motorsykkel var involvert i uhellet, der el-syklisten fekk eit kutt i armen då dei trefte kvarandre.
Ambulansebåt har frakta den skadde til Stavanger legevakt for behandling.
Politiet opprettar sak.
-
Klokka 15.33 fekk politiet melding om røykutvikling i ein bustad i Skjoldastraumvegen i Tyvær.
Røykutviklinga skjedde etter matlaging og meldar klarte sjølv å sløkke med brannsløkkingsapparat.
Det vart ein del røyk på kjøkkenet, men ingen vart skadd.
Politiet opprettar sak.
-
Brannvesenet rykker ut til Boganesveien på Hinna i Stavanger etter melding om trafikkulukke.
Det dreier seg om ei påkøyring bakfrå, med mindre materielle skader.
Fem personar var involvert i uhellet, og ein person vert frakta til Stavanger universitetssjukehus for vidare sjekk.
Politiet har oppretta sak.
-
Fleire skitrekk i Sirdal fjellpark har vore opne denne påska. Men skjærtorsdag stenger fleire av dei etter mykje nedbør.
Dette gjeld stolheisen ved Røsen, Huldreheimen og tautrekket i Sirdal fjellpark.
Medan Ålsheia har vore stengt for sesongen.
Sirdal Fjellpark skriv på eiga side på Facebook at forholda er for dårlege til å halde ope.
Stolheisen ved Røsen på Tjørhomfjellet, og Klatreparken i Ålsheia er open til klokka 16.00 torsdag.
-
To menn i 30-åra var involvert i ei valdshending i Stavanger, der ein person vart utsett for omfattande vald av den andre personen og vert frakta til Stavanger universitetssjukehus med skader i hovudet.
Skadeomfanget er uavklart, men mannen var bevisst då han vart teke med til sjukehuset.
– Vi veit ikkje noko meir om den skadde, men vi har ikkje inntrykk av at det er kritisk. Men han var alvorleg skadd og blødde mykje frå ansiktet, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen.
Politiet har ikkje gjort avhøyr av fornærma.
Valdsepisoden skjedde utandørs ved ei båthavn i Ramsvik øst for Stavanger sentrum, og det er usikkert om dei involverte kjente kvarandre frå før.
Den sikta vart arrestert i området. Han hadde permisjon frå psykiatrisk institusjon, som han vert frakta tilbake til etter prøver.
– Det var denne personen som sjølv ringde til politiet og meldte frå om kva som hadde skjedd, seier Fenne-Jensen til NRK.
Politiet har gjort undersøkingar på staden og ynskjer at vitne tek kontakt på 02800 eller via Nettpatruljen.
-
Væpna politi rykka ut til Løvdahls gate i Stavanger etter melding om slagsmål klokka 02.33 natt til torsdag.
Nokon hadde trua med kniv, men då politiet kom til staden fekk dei raskt kontroll
Ein person hadde hevelse rundt auget, men ingen vart skadd etter følgjer frå kniven.
Etter politiet gjorde etterforsking på staden oppretta dei sak, og den skadde vart teke med til legevakt.
Ingen personar i saka er arresterte, oppdaterte politiet i dag tidleg, klokka 06.32.