-
Brannvesenet fekk melding om ein gasslekkasje i ein tankbil i Trollhaugmyra i Øygarden.
Brannvesenet var på staden og sat sikkerheitsavstand på 50 meter frå lekkasjen.
Litt før klokka 16 skreiv brannvesenet at lekkasjen er stoppa.
-
Utanfor Trekanttomten i Bergen har det samla seg ei lang kø med folk som ventar på å sleppe inn på VM-arrangementet.
Fleire NRK har snakka med fortel at dei har vore på plass sidan klokka 10.00 i dag.
Billettane til kvartfinalen har vore utseld lenge, men det er mogleg å få seg ein plass på borda utanfor teltet via drop-in. Dørene opnar klokka 17.00.
Mens dei ventar varmar dei opp med roing på gata utanfor.
-
I Sogndal riggar dei til visning av kvartfinale i Sentrumsparken der det vil det vere plass til 400 menneske.
Billettane til arrangementet blei rive vekk på 20 sekund, fortel Erlend Fardal Lunde i Sognefjord Event.
– Men det er ope rundt her også, og storskjermen vil vere synleg for alle, så kor mange som møter opp veit vi ikkje, seier Arve Uglum som skal leie arrangementet.
På søndag viste dei kampen mot Brasil på Meieriet. Då blei ein båt trilla inn på scena. Den fekk passande nok namnet Erling «Baot» Haaland.
Båten blir trilla over i Sentrumsparken før kampen i kveld.
– Det blir ein magisk kveld, seier Erlend Fardal Lunde, som spår at Noreg vinn 3–2 mot England.
-
Politiet har ved to ulike tilfelle stoppa folk som har gått gjennom trafikkerte tunnelar i natt.
Like etter klokka fem fekk politiet melding om ein mann som gjekk i Damsgårdstunnelen i Bergen. Dei stoppa ein mann i 20-åra.
– Han hadde ingen god forklaring på kvifor han gjekk i tunnelen, skriv operasjonsleiar Morten Rebnord.
Ein time seinare får politiet melding om ein mann til fots gjennom Nygårdstunnelen. Dei fekk då kontroll på ein mann i 60-åra. Politiet synest heller ikkje denne mannen hadde noko god forklaring på kvifor han var i tunnelen.
Begge to er meld for brot på skiltforskriftene som gjeld forbod mot gåande og syklande.
-
Politiet starta i går kveld å leite etter ei kvinne i starten av 80-åra i Orrebrotet på Stord. Kvinna skal ha forlate heimen sin i området rundt klokka 18.00 fredag kveld.
– Kvinna er slank, omtrent 170 cm høg og grått hår. Ho har på seg kvite sandalar, mørk blå bukse, brun strikkejakke og har kanskje med seg ei raud pute, opplyste operasjonsleiar Roger Litlatun i Vest politi. Publikum blei bedne om å ta kontakt med politiet om dei observerte kvinna,
Like før klokka 22.00 melde politiet at kvinna var kome til rette i god behald.
-
Naudetatane er på staden etter melding om terrengbrann i området Eplehagen i Kvinnherad.
Hus i nærleiken blir evakuerte.
Politiet melder om ein del vind på staden.
Kl. 20:20 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen.
-
Sykkelturistar trassar faren og brukar rasfarleg veg. No vil ordføraren opne den historiske gamlevegen i Måbødalen.
Programleiar er Christel Higraff.
-
Luis Pimenta trer til side som hovudtrenar for Sogndal Fotball fram til og med 16. august.
Det opplyser Sogndal Fotball i ei pressemelding.
Sidan 26. juni har Eirik Bakke vore mellombels hovudtrenar i Sogndal etter at Pimenta måtte tre av som følgje av bekymringsmeldingar mot leiarstilen hans. I utgangspunktet trådde han av til 3. juli.
No melder Sogndal Fotball at Pimenta framleis er ute som Sogndal-trenar og vil vere det fram til 16. august.
– Sogndal Fotball sitt styre har 9. juli 2026 vedteke at det skal gjennomførast eksterne undersøkingar knytte til dei mottekne bekymringsmeldingane, heiter det i pressemeldinga.
Tidlegare har fotballklubben engasjert advokatane Erik Flågan og Ronny van der Meij for å hjelpe klubben i prosessen.