-
Ein bil har køyrt i autovernet på fylkesveg 60 ved Innvik i Stryn.
– Airbag skal vere utløyst, førar er bevisst og ute av bilen, melder operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt.
Brannvesenet er som første naudetat framme. Dei melder om at det ikkje er personskade.
-
Brannvesenet fikk klokken 12.14 melding om brann i motorrom på fritidsbåt i Øygarden.
Brannvesenet er nå fremme på stedet. Det var røyk i motorrommet, men det er ikke brann. Situasjonen er under kontroll.
Personen som var om bord er tatt om bord i brannbåten og fraktes til land.
-
Russ på Østlandet, i Bergen og Stavanger har blitt enige om å flytte oppstarten av russetiden til 15. mai neste år, ifølge kunnskapsministeren.
– Det var akkurat dette vi ønsket oss, sier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Regjeringen har lenge ønsket å flytte russetiden for å redusere forstyrrelser i skolegangen og eksamensperioden.
Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun roser russen for å sette læring og inkludering foran festing.
Flyttingen av russetiden skal bidra til å redusere kjøpepress, utenforskap og eksponering for narkotika blant ungdom.
-
Brannvesenet har rykt ut til Bruvik kyrkje på Osterøy. Ifølgje 110 Vest er det innvendig vasslekkasje i kyrkja.
Dei opplyser at det er ein varmtvassberedar som har sprunge lekk.
– Fire rom har fått større eller mindre skade. Det har nok halde på ei stund, seier Svein Erik Reistad ved 110 Vest.
Mannskap er no i gang med å stoppe lekkasjen og svabre ut vatn. Kyrkjeverje og forsikringsselskap er underretta og på veg.
Utrykkingsleiar i Osterøy brann og redning, Tore Skår, fortel at det er toalett, gang og kontor som er oversumt. Døra til toalettet måtte dei bryte opp, og det kom mykje vatn ut.
Bruvik kyrkje er ei over 150 år gamal trekyrkje.
– No jobbar vi med å tørke opp, og så blir det nok ei forsikringssak, seier Skår.
-
Telenor oppdaga ein feil på ein sendar som gjer at fleire i ytre Nordfjord er utan DAB-dekning.
Telenor veit ikkje kva som er årsaka til problemet, eller kor mange det råkar.
– Entreprenørar er på staden for å fikse feilen, men dei reknar ikkje med at feilen er retta opp før klokka 01.00 natt til torsdag, seier Ovie Wilkins hos Telenor.
-
Eit SAS-fly frå Flesland måtte snu etter ein fugl flaug inn i motoren, melder VG.
Flyet gjekk frå Flesland lufthamn klokka 06.30 og skulle etter planen lande i Oslo klokka 07.20.
– Flyet krasja med ein fugl og måtte difor bli undersøkt av teknikar. Dessverre må flyginga bli avlyst, sa pressevakt i SAS, Irena Busic til VG.
-
Politiet i Bergen arresterte i natt ein mann i 40 åra, mistenkt for å ha utøvd vald mot sambuaren sin.
Det var mannen sjølv som ringte til politiet, og fortalde at han hadde utøvd vald, melder operasjonsleiar i Vest politi, Tore-Andre Brakstad.
Kvinna verka å vere lettare skadd, og blei sendt til legevakta.
-
Den norske vitskapsmannen Ivar Giæver er død, 96 år gammal. Han vann nobelprisen i fysikk saman med to andre i 1973.
Ifylgje ei dødsannonse i Aftenposten torsdag døydde Giæver 20. juni i Schenectady i den amerikanske delstaten New York, der han budde.
Giæver blei fødd i Bergen 5. april 1929, og vaks opp på Gjøvik. Han flytta til USA på 50-talet.
Han blei tildelt nobelprisen for arbeidet med elektron-tunnelering. I 1985 blei Giæver æresdoktor ved Norges tekniske høgskole (NTH), som seinare blei NTNU. (NTB)